Godt år – og side taske!

Ymse er på veg i 2010:

- I mars/april tar me oss ei lita runde med konsertar rundt omkring i landet. Prøvar i allefall å planleggje noko no.

- På Vossajazz, siste helga i mars, skal me levere årets tingingsverk til Badnajazzen: ein rapkonsert med masse ungar frå Voss og Ulvik. Side Brok skal òg spele eigen konsert på fredagen.

- Til våren kjem dokumentarfilmen Heimegutar på dvd med ein haug med ekstramateriale.

- Me held fram med å lage musikk til den grusomt vanskelege fjerdeplata. Plata er ute seint i år eller tidleg neste år; den som lever får sjå. Så ikkje daud.

- Ei plate som heilt sikkert kjem i år, er debutplata frå Thorstein Hyl sitt nye prosjekt. Me spelar mystiske, og nøyer oss med å opplyse at det vert svært.

Kva trur du?

  1. Endre 14 januar 2010

    Genial kommentar dinna “Plata er ute seint i år eller tidleg neste år; den som lever får sjå. Så ikkje daud”.

  2. Feitegutenslank 15 januar 2010

    Godt år indeed ^_^
    Verte nok innkjøp av både “heimegutar”, nye plata, og solo prosjekte!

  3. Jostein Hyyl 17 februar 2010

    Bli det konsert i Vestre?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>