Superold homeboy

Hurra for Egil Olsen som fyllte 30 den 14. april! Og hurra for dei gode venene hans som har gitt han tidenes gåve. Ein liten gjeng har nemlig lurt seg til å lage ei plate med ymse norske musikarar som spelar Egil Olsen-slagerar på svært ymse vis. Plata er trykt på vinyl i 300 eks, og kjem ikkje på cd. Ho kan kjøpast i butikken Big Dipper i Oslo – eller tingast. Besøk Egils side for å sjå liste over songane og anna godt.

Slik ser omslaget ut:

billede-6.jpg

Og slik høyrest Side Brok sitt bidrag ut, som tilfeldigvis ikkje er ein versjon av ein Egil-låt, men ein heilt ny låt, basert på alle låtane Egil nokonsinne har laga. Bård har bygd beatet på ein sample frå Egil-slageren “Let’s go crazy”. Runar laga rappen ved å omsetje tekstlinjer frå Egil sine tekstar og klippe dei i fillebitar. Altså, slik vart det:

Side Brok: Alt ein mann kan drøyme om
[audio:sidebrok-alteinmannkandroymeomNO.mp3]

Kva trur du?

  1. Ove 29 april 2010

    Dere leverer som vanlig! :-) Nydelig låt. Jeg bestilte LP-en tvert!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>