Pina D 4


No har me gjort det igjen; laga ein kassett som du kan laste ned. Hugs å også laste ned det fine omslaget der du kan sjå kva du høyrer.

I år kan me byde på rap, transylvansk electro, kveding, sunnfjordsk reggae, tung poesi, Thorstein Hyl på eit skweee-beat og mykje meir. Og for å feire at Sjef R si yndlingsgruppe Malk de Koijn har gitt ut ny plate i haust, har me knabba eit av beatsa deira og invitert ein haug med rapparar til å levere nokre linjer kvar; her vert det rappa på både engelsk og ymse danske og norske dialektar.

Og kanskje det aller sværaste; me har funne fram til opphavet til eit svært viktig ord for oss. Last ned, lytt og lær.

Høgreklikk og kos dykk no då. Og god jul.

 

Pina D 4
Program A (mp3, 55 mb)
Program B (mp3, 51 mb)
Program A (wav, 252 mb)
Program B (wav, 232 mb)
Omslag (jpg, 1 mb)

6 Comments

Ny kassett (og styr)

Her i hovudkvartera til PinaDgreitt records vert det no jobba på spreng for å få ferdig fjerde kapittel i vår svært legendariske kassettserie. Akkurat no ser det ut til at kassetten kjem til å heite “Pina D 4″, men kven veit, alt kan skje. Som alltid vert kassetten tilgjengeleg på sidebrok.no nokre dagar før jul, og de kan laste ned både side a og side b + omslag i fine fargar.

Dei som er med denne gongen (i tillegg til Side Brok, då) er A-Laget, Transilvanian Galaxi, Kontrollert Kaos, Harald Frøysa, Rudebwoay, Sofus og endå fleire. Til dømes SuperDuo. Me har òg ein haug med rapparar på éi og same låt: Lars Vaular, Sjef R, Ukjent, Salvador Sanchez, StanMimix, Hajoken, Raske Penge og nokre til (viss dei får ut fingeren).

Ein av låtane på kassetten er “Svolt” av SuperDuo (Thorstein Hyl og Soul Theory). Denne sjarmerande superduoen har ein EP klar som er ute på nyåret. Plata har gode gjestar: Emile The Duke, Hajoken og Supa Sayed. Men “Svolt” er ikkje på EP-en, berre på kassetten – og på youtube; me har nemlig ein mobiltelefonvideo frå innspelinga til dykk her. Han med mest skjegg er Knut Sævik, som spelte inn og miksa låten.

PS: Me er dårlege, og vert nok heller aldri betre, til å bruke heimesida vår. Det vert mest twitter, facebook og soundcloud for tida, men me må jo ha sida til å legge ut kassettar og til å skrive slike lange meldingar som dette. Tenkji.

Leave a comment

Ingen grunn til panikk

Dei fleste har visst fått det med seg – me har begynt på slutten. Mange har reagert sterkt og synest det er trist, men høyr no her: Det er ikkje slik at Side Brok heilt sluttar å eksistere. Me kjem sikkert til å spele av og til, og me kjem sikkert til å gi ut fleire kassettar. Me kjem berre med 96% sikkerheit til å slutte å lage plater og turnere. Me prøver ikkje å lure dykk og kome tilbake med tjue avskjedsturnéar. På den andre sida kan me heller ikkje love at me ikkje kjem tilbake om fem år. Me veit berre korleis landet ligg akkurat no, og då seier me det som det er. Me køddar ikkje med fansen vår.

Grunnen til at me legg opp brøkene no er ganske udramatisk: Det er så mange andre ting eg har lyst til å gjere, både innan musikk og andre ting. Neste år er det òg ti år sidan me gav ut den fyrste EP-en vår, og eg fyller førti, så eg tenkte det var passeleg å stoppe då. Men det er altså neste år, eller etter neste år … Me skal jo ut med den fjerde og siste plata vår ein gong i det nye året, og me vil meir enn gjerne spele ein drøss med konsertar. Plata blir bra. Det blir hip-hop. Men sidan det er ei stund til, og sidan det er sommar, og sidan det er ein fin låt, gir me ut denne reggaesongen ”Marianne”.

Høyr han her og no – og kjøp han i morgon på iTunes eller Platekompaniet.no

Han vert òg tilgjengeleg på Wimp (men ikkje Spotify før om nokre veker).

Marianne by Side Brok


Leave a comment

17. mai og styr

Som de ser er sida meir eller mindre klar. Småting skal fiksast.

Forresten: Me gir ut ein gladtrist reggaelåt veldig snart, det er jo sommar. I mens må de kose dykk med pølse og is.

Forresten: Me har faktisk 17. mai i København òg. Her er noko eg skreiv om det i Dag og Tid i fjor. Eg skriv forresten denne sida fast i Dag og Tid, om lag kvar femte veke. Du burde forresten abonnere på Dag og Tid.

1 Comment

Sida er under ombygging

- det er derfor ho ser ut som bloggen til ein ungdomsskuleelev. Ikkje at det er noko gale i gå på ungdomsskule, altså. Har gjort det sjølv.

Den oppussa og friske nye sida kjem om ikkje så grusomt lenge. Det kjem forresten ny musikk om ikkje så grusomt lenge òg. God helg, og sett på noko Side Brok!

2 Comments

Møre-Nytt laurdag 12. februar 2011

Klikk på faksimila for å sjå betre.

015_mony1_1_120211.jpg

Leave a comment

Avklaringa alle har venta på

Eg har spurt Lars og Bård om korleis det gjekk med annonsene i Norsk Barneblad. Viss du ikkje veit kva eg snakkar om, så les posten under denne fyrst.

E-post-intervju med Lars:

Fekk du selt plakatane? Utan pruting?

E ikkje sikker. Har spørt min bror som ikkje heller kunne huske.

Er du framleis Turtles-fan?

Klart det, hvis det kommer en Turtles film på norsk, så er det eg, og ikkje Vanilla Ice som lager ninja-rappen. Forresten, så har jeg faktisk laget en ninjalåt nylig!

Du skreiv forresten framifrå nynorsk!

Takk! meget mulig min mor har hjulpet til litt der.

MSN-intervju med Skatebård:

Runar siger: (17.02.21)

forresten, lurer på om eg må følgje opp på NB-saka, og spørje deg og Lars om de fekk selt tinga dykkar …

Baard siger: (17.02.54)

det kan du gjere

Runar siger: (17.03.26)

ja?

Baard siger: (17.05.03)

eg fekk tydeligvis selt kassettane, sidan eg ikkje har dei lenger

Runar siger: (17.05.14)

men hugsar ikkje, nei?

Runar siger: (17.05.20)

selde du andre ting i NB?

Baard siger: (17.05.54)

meinar å hugse at eg angra på å selge TS-kassetten

Runar siger: (17.06.12)

det skjønar eg godt

Runar siger: (17.06.31)

eg gav faktisk bror min den på vinyl i julegåve ein gong

Runar siger: (17.06.36)

litt svært omslag

Baard siger: (17.06.36)

ja, forresten The Warriors

Baard siger: (17.06.43)

det er der dei har tatt det ifrå

Runar siger: (17.06.49)

i know

Baard siger: (17.07.21)

eg såg jo ikkje Warriors før no

Baard siger: (17.07.26)

før jul

Runar siger: (17.07.29)

nå nei

Runar siger: (17.07.39)

såg den back in the vhs-days

Baard siger: (17.07.40)

men har sjutommaren

Runar siger: (17.07.42)

litt svært

Baard siger: (17.08.07)

sett dei nye videoane mine?

Baard siger: (17.08.23)

http://www.youtube.com/user/skatebaard

Leave a comment

Lars Vaular prutar ikkje!

Den 11 år gamle Lars Vaular har eit knakande godt tilbod til deg. Berre sjå her, i Norsk Barneblad:

lars-nb.jpg

Og Skatebård har ikkje alltid berre høyrt på black metal og italo disco:

annonsa1.jpg

Kassettar og plakatar, og ikkje minst ting i posten … Det var tider.

Takk til heimegut Eirik Helleve for desse fine og kulturhistorisk viktige oppdagingane. Han skriv bok om Norsk Barneblad, derfor sit han og les gjennom alt – absolutt alt – så ingen skal føle seg trygge. Nye klipp kjem sikkert etterkvart.

2 Comments

T-skjortene er tilbake

Me har trykt nye svarte t-skjorter i S, M, L, XL og XXL. Dei er av merket Fruit of the Loom, og det skal visst vere skikkeleg.

Me sel dei for kr. 120 pr. stk., men dei vert sende frå Danmark, så porto på 40,- kjem i tillegg (60,- viss det er to).

Og jaudå, det kjem andre t-skjorter etter kvart òg, men det tek litt tid. Og desse lydskrift-skjortene er jo offisielt godkjent som svært tøffe.

Skriv til sjefr(dings)sidebrok.no for å bestille.

5 Comments

Separate spor

Då kan de endeleg laste ned yndlingslåtane dykkar frå alle tre kassettane. Klikk på ‘Video/audio’, og vidare på ‘Kassettar’. Kos dykk no då!

Leave a comment