1000 takk

Då har me runda 1000 nedlastingar av Det e pina 3 en kassett. Svært. I tillegg kjem alle som har kopiert kassetten vidare – folk har vel doble kassettspelarar enno? – samt fleire hundre lyttingar rett frå sida. Då er det berre å begynne å jobbe med firaren; målet er å drage dette like langt som Politiskolen-filmane, men med litt høgare og jamnare kvalitet.

p1080731.jpg

H U R R A !   H U R R A !

6 Comments

Nettbutikk –

har me ikkje, men me har nokre få eksemplar av denne tøffe t-skjorta som du kan få for 150 kr. og eit frimerke. Det er omtrent kostpris, fordi me bestilte så få. Forretningsmenn vert me nok aldri. Men kven gidd no det?

p1020721.jpg

I tillegg til at t-skjorta ser voldsomt bra ut, har ho det formålet å lære folk å uttale bandnamnet vårt.

Me har dessverre berre følgjande storleikar igjen: S, XL og XXL (skjorta på bildet er S, men det er mannen òg). Viss pågangen er stor nok, kan me lage ein heil haug til.

PS. Ein høyrer så ofte fotomodellar klage over kor hardt arbeid dei har. Eg synest det var dritlett.

(Fotograf, lysmeister og stylist: Lasse Pedersen, Mooh 1219 Productions. Copyreita.)
19 Comments

Det e pina 3 en kassett!

omslag-3.png

Her er han, pina det! De veit kva det går ut på: Høgreklikk! Og hugs å sjekke ut det fine omslaget, der de kan lese om innhaldet på kassetten – for her er det mange å halde styr på.

Starring, in alphabetical order: Kjell “Kjellen” Bigset, Bikkja, Bygdekrap, Castor P, Phil Corda, MC Forfattaren Olav R. Øyehaug, Hajoken, Håggån, Jonas V, Krila & Lama, Lektor, MK & B, Elvis Presley, Pumba, RSP, Side Brok, Side Prosjekt, Skolekorps, Soul Theory, Jarle Sørheim og Monica Zetterlund.

elvis-og-th3.png

PS
Det finst dei som har favorittlåtar på kassettane, og kunne tenkje seg separate mp3-ar av desse. Det skal dei få frå no av – men ikkje før dei har høyrt gjennom alt. Så om ein månads tid lagar me til separate mp3-ar av alle låtane frå alle tre kassettane, og legg dei ut her.

I K K J E   G L Ø Y M  S T O R S T Y R  P Å   R U S T   3 .  J U L E D A G


Under kan de høyre kassetten utan å laste han ned.

Program 1:

[audio:3Program1-192.mp3]

Program 2:

[audio:3Program2-192.mp3]

8 Comments

Eg veit det kjem som eit sjokk …

… at kassetten ikkje er her enno. Han skulle jo vere klar klokka 12! Men datamaskiner er noko herk. Eit par timar no, so …

Leave a comment

Korpset er tilbake

I går var historisk og legendarisk; Noregs tøffaste rapgruppe, Skolekorps frå Sandnes (for fan!), velta innom Mannaromet Studio i København (for helvede!) og spelte inn bidrag til den komande kassetten vår. TønnePål og Skolestil har ikkje laga musikk på eit par år, så det var på tide, og dei var mildt sagt i storslag. Gle dykk!

p1020684.JPG

2 Comments

Årets julegåve!

Me har fått ei svært nyttig liste frå Aldeles.

Her er det framleis muleg å få tak i “Heimegutar” på DVD:

Mix (Ørsta og Volda)

Musikkverket (Ålesund)

Shell (diverse stasjonar på Sunnmøre)

Aasentunet (Ørsta)

Apollon (Bergen)

Playcom

Obs (Lagunen, Bergen)

Obs (Sotra)

Platekompaniet (Bergen)

Platekompaniet nettbutikk

Elles kan du bestille DVD-en direkte hos produsenten Aldeles AS ved å skrive til post [ætt] heimegutar.no

Leave a comment

Ny kassett, julefest og Heimegutarheimeside

Hurra. Me er snart klar med den tredje internettkassetten vår. Han heiter Det e pina 3 en kassett, og kjem her på sida midt i desember. Dette feirar me som vanleg med juletrefest på Rust i Ørsta 3. juledag – med Side Brok og vener på scena. Blir svært! Meir info om kassett og fest kjem etter kvart.

Dessutan har Aldeles laga ei ny heimeside for Heimegutar (som du sjølvsagt allereie har kjøpt på DVD).

Leave a comment

Ute idag!

2 Comments

Heimegutar ute på mandag

For dei som ikkje har fått det med seg: Filmen “Heimegutar” fyl Side Brok på innsida i løpet av 6 år, gjennom opp- og nedturar, frå det store gjennombrotet til dei vender tilbake med ny plate i 2009 og er eit portrett av eit unikt hip-hop univers med fjell, fjord, råning, sprit, humor og ironi, men også ekte vennskap og kjærleik til orda og musikken.

DVD-utgåva er i butikkane på mandag den 18. oktober, og her kan du sjå unike scener som ikkje er med i filmen: høyr meir om bakgrunnen og inspirasjonskjeldene til frontfigur og tekstforfattar Runar Gudnason, sjå unike konsertopptak med alter-egoet Sirkel Sag i kjent stil med cowboyhatt, skinnvest og bar overkropp, og nyt strandlivet med Skatebård. Til og med mormor Borghild Lødemel er med og klarnar opp i slektskapet med Ivar Aasen ein gong for alle. Sist men ikkje minst må nemnast legendariske opptak av råning i Ørsta. Det har aldri før lukta så sterkt svidd gummi av ein tv-skjerm, det kan lovast.

Heimegutar har nasjonal distribusjon gjennom distributøren Ess Engros AS og blir å få tak i på alt frå bensinstasjonar til Platekompaniet.

heimegutar-front-cover.jpg

1 Comment

Ute no!

kommersnart1.jpg

Leave a comment