Stor stas!
Me opnar no Side Brok si nye heimside og vil med dette for fyrste gong vise “Rist Med Raua” på den vide veven. Me håpar du vil kose deg med den, og ser fram til eit nytt år med nye tragediar, morosame innskot og så klart… eit nytt album! Meir vil me ikkje seie om dét temaet, akkurat no.
Fire viktige punkt:
- Me har lagt ut acapellaer på remixforumet, der du sjølv kan laste opp dei feite remixane dine og få tilbakemelding frå sjefane sjølve - og diskutere med andre! Me vil legge ut éin acapella kvar månad så lenge me har, og det vil jo ta nokre år. Men til å begynne med har me lagt ut heile 2 stk.
- Me tar gladeleg i mot gode idéar om kva de vil sjå og høyre her på sida. Skriv ein e-post!
- Nyheiter vil kome fortløpande, viss der er noko å fortelje. Og det er der.
- Du har ikkje noko å vere skjemd av.
Side Brok - Rist Med Raua