Login

Archive for October, 2008

Side Brok rappar Olav H.

I samband med at det er 100 år sidan Olav H. Hauge vart fødd, skjer det mykje rart - og ein god del som ikkje er så rart. At det no har kome ei plate der ymse norske artistar tolkar Hauge-dikt, er eit eksempel på ein ikkje så rar (og rimeleg forutseieleg) ting. At Side Brok fekk vere med, derimot, og endå verre; at Sjef R fekk lov til å ta det alvorlege diktet “Eg stend eg, seddu” og skrive vidare på det!… Dét er rart. Og sjølvsagt heilt utilgiveleg.

Plata heiter For du skin ikkje for deg sjølv og er visst ute allereie. Andre artistar på plata er bl.a. Bjørn Eidsvåg, Thom Hell, Valkyrien All Stars, Jan Eggum og Heide Marie Vestrheim.

Her kan du sjå omslaget og høyre utdrag frå alle låtane.

Ny plate frå Bård, halv plate frå Side Brok

Skal me seie at sommaren er over no? Tja, jau. Kanskje. Heimesidesommarferien er iallfall slutt.

Me er no omtrent halvvegs i innspelinga av den nye plata vår, og me må nok innrømme at ho vert endå betre enn me hadde frykta. Plata kjem ut i mars eller april, og me gler oss! Me gler oss spesielt mykje til å kome ut og spele konsertar igjen.

Som alle sikkert veit, er ikkje Skatebård berre ein av beatmakarane i Side Brok. Han har òg ei svær og internasjonal solokarriere på stell. Når han lagar musikk aleine, er det helst italo disco-inspirert techno/house, og han har gitt ut ein haug med singlar og EPar på vinyl dei siste åra. I 2006 kom det fyrste CD-albumet, Midnight Magic, og sidan har Skatebård hatt mange spelejobbar i Tyskland, Frankrike, England og Finland.

Og no kjem andreplata! 27. oktober landar Cosmos både i CD-butikkar og på internett. Høyr låtar og lær meir om Skatebård på myspacen hans.