Login

Archive for March, 2009

Premiere på Heimegutar

Då er det offentleggjort at dokumentarfilmen om Side Brok, Heimegutar, er opningsfilm på Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda. Dette vert då verdspremiere for filmen, og me er nokre som er liiiiitt spent.

Her er noko dei kallar ein teaser.

Lars spør, Runar svarar

Den eminente rapparen Lars Vaular har ein eminent blogg, og her har han nettopp lagt ut eit godt og langt intervju med Herr Runar Gudnason. Les det! (Så får de også sett dei fine nye pressebilda våra.)

Elles bør det nemnast at Lars Vaular nettopp har vore Urørt-finalist, by:Larm-aktuell og at han slepp den nye (deilige) skiva si i mai. Veldig ekte Side Brok-fans kjenner han kanskje òg frå diverse oppvarmingsjobbar back in the days og frå Det e pina d en kassett. Sjekk ut Lars på myspace.

Har me forresten sagt at Ekte Menn er ute 27. april? Og at det går rykter om sleppefest i Ørsta den 25. april?

Heile handa på youtube

Hurra for Trange Truser!

Under dette aliaset skjuler det seg ei gjev taus og ein Side Brok-fan av format. Ho har laga ein artig youtube-video til “Heile handa” med mykje gode bilder frå her og der, no og då. Trykk her for å sjå!