Login

Archive for November, 2009

God stil på 3. dag - og ny internettkassett!

Som me hinta om i fjor, gjeninnfører me no tradisjonen med juletrefest på Rust (for dei som ikkje er frå Ørsta: dette er heimebana vår). Det vert tung bass, god stil, allsong og allrap, - og sjølvsagt ein haug med deilige gjestar på scenen. Sværheitsgaranti!

Omtrent ei veke eller to før jul kjem òg oppfølgaren til Det e pina d en kassett. Denne har fått den originale tittelen Det e pina d ENDÅ en kassett, og er ei god blanding av Side Brok og andre frå nabolaget, nytt og gammalt, seriøst og stroplete. Kassetten er sjølvsagt gratis og vert tilgjengeleg her på sida.

Og som om dét ikkje var nok, kjem det òg ein julesong frå oss snart… No ste’kje verda te påske!

… and we’re back!

Sida har vore nede nokre dagar, men det var berre pga. ei ubetalt rekning (hey, sjølv om me tener millionar på Side Brok, så skjer det at me gløymer å betale rekningane våre). Det kan hende me vil stengje sida litt oftare i framtida, for det er fole kjekt at opptil mange personar etterlyste sida allereie fyrste dagen ho var stengd. Det betyr jo faktisk at det er nokre der ute som kikar innom av og til. Svært.

Takk til alle som kom og heia på oss og AaFK i teltet i Oslo for eit par veker sidan. God stemning!

Å ja, forresten, i løpet av desember kjem det ny musikk frå oss her på sida. Me seier i frå.

43243704.jpg